BOKLISTE

Dølaringen Boklag i Lillehammer er eigd av Gudbrandsdal Historielag. Laget har gjeve ut Årbok for Gudbrandsdalen sidan 1930. Boka er såleis ei av dei eldste lokalhistoriske bøkene i landet. Bortsett frå tre år under krigen, har årboka kome kvart år.

Register og stikkordsliste for
årbok for Gudbrandsdalen frå 1930 til i dag >>>

Bøkene inneheld lokalhistorisk stoff med ymse innhald; slektshistorie, gamalt frå arbeidslivet, jordbruk, sæterdrift og industri, viser og vers og kulturhistorie elles. Eit rikhaldig og greitt stikkordregister over åra 1930-1996 gjev oversyn over alle artiklane som har stått.

Boklaget har trykt opp at dei eldste årbøkene fleire gonger, så for tida er årbøkene frå 1930 og 1931 utselde for tredje gong. Samstundes trykker vi om lag ein ny årgang kvart år. Frå 1968 har vi framleis att originalutgåver.

Dølaringen Boklag gir og ut fleire andre lokalhistoriske bøker frå heile dalen.

 

Årbok for Gudbrandsdalen 2009 har mange interessante artiklar frå bygdene i Gudbrandsdalen.
Her er eit utval >>>

 

Framsida:Prestekone i Vågå, Christine Sophie Storm Munch, 1746-1825, måla av Peder Aadnes.

Årbok 2007

 

Årbok for Gudbrandsdalen 2008 har mange interessante artiklar frå bygdene i Gudbrandsdalen.
Her er eit utval >>>

 

Framsida: Den gamle Sinclair-støtta i Kringen i Sel. Målarstykke frå etter 1855, da ”nyvegen” vart bygd gjennom Kringen. Boka tek for seg hendingane i 1612.

Årbok 2007

 

Årbok for Gudbrandsdalen 2007
Klikk her for å sjå meir>>

 

Framsida: Frå klesloftet på Graffer i Lom.


 

Årbok for Gudbrandsdalen 2006
Klikk her for å sjå meir>>

Framsida: Kongefamilien er komen til Otta på veg til kroninga i Nidarosdomen 14. juni 1906. Reisa gjekk med tog frå Christianina, på Otta overtok vognmann Johan Iversen og køyrde følgjet til Åndalsnes. Langs heile ruta hadde folk møtt fram i sin likaste stas for å hylle kong Haakon, dronning Maud og ikkje minst den knapt tre år gamle kronprins Olav.


Årbok for Gudbrandsdalen 2005
Klikk her for å sjå meir>>


Framsida: Filmen "Fjolls til fjells" med Leif Juster kom i 1957. Mange av opptaka vart gjorde på Gausdal Høyfjellshotell med Leif Juster, Unni Bernhoft og Frank Robert. Også lokale
statistar var med.

Årbok for Gudbrandsdalen 2004
Klikk her for å sjå meir>>


Framsida: Diligencerutene i Gudbrandsdalen gjekk over Dovrefjell til Støren, gjennom Lesja til Åndalsnes og frå Otta over Grotli til Geiranger og Stryn. Jan Vidar Lie Pedersen skriv om rutetider og skyss-stasjonar. Biletet er frå Geirangervegen vest for Grotli. Handkolorert postkort.


Dølaringen Boklag

Chr. Bruuns veg 1 A, 2615 Lillehammer

Telefon: 61 25 12 55 - faks: 61 05 46 95

E-post: anne.hosar@combitel.no

COPYRIGHT 2010 - DØLARINGEN BOKLAG